Opplev Kongevegen

Jordeplegarden Feriehus

Fakta

Passar for
Single, par, familiar
Tilgjengeleg
Heile året

Jordeplegarden feriehus ligg langs med Kongevegen-ruta og er eit glimrande val om du skal gå Kongevegen.

Eigedommen er ein del av delstrekninga Ljøsne-Lærdalsøyri.

Det er eit stille og fredeleg område med flott utsikt mot fjell og landbruksareal. Eigedommen er ein del av ein gard med potet- og gulrotåker, og morellhage like ved.

Feriehuset inneheld gang, bad, kjøkken, stove og to soverom. I tillegg er det eit anneks som inneheld soverom/opphaldsrom. Dei to bygningane har 7 sengeplassar.

Feriehuset har elles stor hage og samen med annekset er det ein koseleg plass for familiar.

Det er omlag 20 km til Borgund Stavkyrkje, 7,5 km til Lærdal sentrum og 1,4 km til Håbakken/Lærdalstunnelen.

Velkommen til overnatting i eit unikt og vakkert område med flott utsikt.

 

 

Jordeplegarden Feriehus
Les mer
Nina og Anders.jpg
Nina og Anders Voll Eltun
(+47) 95 74 99 68